Teaterskole i Førde.

Oppstart høsten 2021

Vestlandske Teatersenter utvider Teaterskolen for barn og unge, og vil fra høsten også ha teaterklasser i Førde.

Beth Ramfjord er ansatt som kunstnerisk konsulent med arbeidssted Førde.

Stillingen er delt mellom Vestlandske Teatersenter og Teater Vestland og undervisningen vil foregå i Førdehuset.

Påmeldingsfrist 15. mai.

Gå til Søknadsskjema Teaterskolen i Førde

Om Beth Anita Ramfjord:

Beth Ramfjord skal undervise på teaterskulen i Førde, eit nytt tilbod for barn og unge i alderen seks til tjue år.
Ho er tilsett som kunstnarleg konsulent, og stillinga er delt mellom Vestlandske Teatersenter og Teater Vestland med fast arbeidsstad her på teateret.
Beth er frå Feios og gjekk friskt ut allereie i ungdomsåra. Ho var ungdomsrådsordførar i Vik kommune og revysjef på musikklinja ved Firda vidaregåande skule rundt tusentårsskiftet. Ho har gått to år på Jazzdans ved Bergen dansesenter og har ein master i musikkvitskap frå Griegakademiet, og no for tida held ho på å gjere ferdig ein master i drama og teater. Ho har komponert musikk til skodespela «Sandholm», «Til deg fra meg» og «Først blir man jo født», og ho har sett opp musikalversjonar av «Oliver Twist», «Annie», «Rent», «Les Miserables», «Cats» og «Løvenes konge».
Ein del av fortenesta for yrkesvalet gir ho norsklæraren i grunnskulen, Inger Blomstereng.
— Ho har eit treffande etternamn. Ho tok tak i kvar enkelt elev og vekte ein skapartrong i oss. Ho har nok prega yrkesvalet til fleire, for eksempel forfattar Brynjulf Jung Tjønn som også var elev på den tida.
Beth har erfaring som skodespelar også, men det er som instruktør ho verkeleg finn motivasjonen. Ho likar å jobbe i team, og ho likar å jobbe med folk som ikkje naudsynt har tillærte verktøy opp i ermet, men genuint vil lage teater.
— Regissør Dag Norgård, ein klok mann, sa at «regissøren skal teie stille». Det har eg tatt til meg. Styrer ein for mykje, kan ein kvele krativiteten hos aktørane, og det kjem ikkje fram noko nytt, berre ditt eige vræl, seier ho på klingande sognedialekt. Ho prøver å sitte stille i båten og vente på gullet. Og så hoppar ho heller litt innimellom.